Vårens brennande ljos

Dieserud stoppar tida i lita bok
Vi_er_ikke_tid_2

Fredrik Dieserud debuterte med diktsamlinga Vi er ikke tid på Liv forlag no i sommar.  Vi er ikke tid er ei lita bok på 63 sider og 59 korte dikt.  Sjølv om dikta er korte, møter dei meg med friksjon, og nokre stikk likesom ut og rispar meg lett. Dette er langt frå likesæl instagram-poesi og tomme fraser som det florerer av i vår tid, og det likar eg. Dieserud trer klarast fram som poet for meg i naturskildringane, som her i eit av bokas første dikt: «Det løsner vel før/ eller siden/ når gress blir til mose/ og vannet renner fritt/ nedover gatene». Diktet framstår som ei merkeleg blanding av både forløysing og undergang. Samlinga Vi er ikke tid tek ikkje lange tida å lesa gjennom, likevel er det ei diktsamling som krev nettopp tid, då dikta tvingar lesaren til å stoppa opp og tenkje seg om.

Til tider opplever eg den gjennomgåande bruken av den insisterande «du-forma» som krevjande og innimellom vert den slitsam: «Blir du rolig/ av lønnetreet/ som slutter seg om deg(…)» Det er som om diktet krev eit svar av meg. Du-forma kan fungere svært godt slik det gjer i denne vesle perla her: «Er det fordi/ du er så skjør/ at det/ skinner himmel/ av deg». Av teksten på baksida lærer eg at Fredrik Dieserud til dagleg jobbar som psykiater, og eg trur nok erfaringar frå terapi-rommet skin med inn i debutboka. Dette vurderer eg som ein god ting, forfattaren tek tak i det som er nært og eg opplever heller inga form for utlevering på andres vegne. Utfordringa ligg kanskje heller i, at dette yrket er sentrert nettopp rundt eit «du», slik ein til dømes kan lesa ut frå dette diktet: «Hvilken virkning/ har lyset på deg/ nå/ når våren brenner». Dette litterære grepet er effektivt i passelege dosar og nevnte dikt er eit av dei kor det fungerer godt. Eg er likevel glad for at forfattaren varierer og innimellom nyttar den tradisjonelle eg-forma, slik som her: «De der/ og så jeg da/ alene i min ambivalens». Er det ikkje slik me alle kjenner det?

Eit av dikta eg særleg merka meg går sånn: «Kunstneren får tiden/ til å stoppe opp/ Slik månen gjør/ en stille høstdag/ i april». Ein haustdag i april? Går det an? Så absolutt. «Spring can really hang you up the most», slik det lyd i Fran Landesmans tidlause dikt fantastisk tolka av Radka Toneff.  Det kan vere om våren at haustens herjingar trer klarast fram, våren med sitt tilbakevendande og brennande ljos. Også Dieserud klarer i sine beste dikt å få tida til å stoppa opp, og som lesar blir eg tvinga til å stoppa opp. Dette er ein sjeldan og kostesam kvalitet i ei samtid full av kvikke inntrykk og kjappe tastetrykk.

Bokmelding av Oddmund Kårevik, redaksjonen STEMMER.

 

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *